Littpod

Helle Helle - Tinga slik dei er

Informações:

Synopsis

Helle Helle i samtale med Margunn Vikingstad. Heilt sidan debuten har danske Helle Helle utstyrt bøkene sine med svært konkrete titlar slik at dei først og fremst peiker på det djupt kvardagslege ved livet; Hus og hjem, Biler og dyr, Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann – eller som den siste romanen med eit enkelt pronomen som tittel, de. Med ein umiskjenneleg skrivemåte: knappe dialogar, skildringar av mange og tilsynelatande meiningslause detaljar og scener frå heilt vanlege liv, tar forfattaren sin heilt karakteristiske puls på tilværet. Helle Helle samtaler med litteraturkritikar i Morgenbladet Margunn Vikingstad om forfattarens nyaste roman de og meir generelt om det trivielle og det høgst eksistensielle i forfattarskapen.