Littpod

Fossefest: Kritisk kvartett Fosse-spesial

Informações:

Synopsis

Med kvarettgjest Cathrine Krøger. I samband med markering av at Jon Fosse blir 60 år i haust, er Kritisk kvartett denne gongen vigd Jon Fosses forfattarskap. Følgjande fire Fosse-bøker skal under lupa: Septologien 1, Melancholia II, Eg er vinden, Stein til stein. Kritisk kvartett er Litteraturhusets faste forum for litteraturkritikk. Panelet består av Carina Beddari, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen. Kvar gong får dei besøk av ein ny gjest, og tar opp fire bøker til kritisk og begeistra diskusjon. Den kritiske kvartetten gir ein annleis litteraturkritikk der den livlege kafésamtalen blir løfta opp på podiet og gjort tilgjengeleg for eit større publikum. Kvarettgjest: Kritikar i Dagbladet Cathrine Krøger som i år blei kåra til Årets kritikar.