Littpod

Fossefest: Jon Fosses veg inn i teaterverda

Informações:

Synopsis

Med Kai Johnsen, Helga Mjeldheim, Ola E. Bø og Cecilie Seiness. Den internasjonale suksessen til Jon Fosse starta i Bergen. Dramatikardebuten skjedde på Den Nationale Scene i 1994 med Og aldri skal vi skiljast. Kai Johnsen hadde regi på stykket og rollene blei spelte av Helga Mjeldheim, Unni Kristin Skagestad og Bjørn Wilberg Andersen. Korleis såg starten ut og var det mogleg å skjøne at verda snart skulle ligge for Jon Fosse sine føter? Litteraturhuset inviterer til samtale med nokre av dei som stod han aller nærast i gjennombrotsåra: regissør, dramaturg og professor i regi ved Kunsthøgskolen i Oslo Kai Johnsen, tidlegare skodespelar og no psykolog Helga Fjeldheim, tidlegare dramaturg ved Det Norske Teatret Ola E. Bø og redaktør i Samlaget Cecilie Seiness.