Littpod

Redaksjonsmøtet: Ytringsfridom i krise?

Informações:

Synopsis

Med Frank Rossavik, Sven Egil Omdal, Astrid Dalehaug Norheim og Jon Tufto. Er ytringsfridomen i krise? Og kven er det i så fall som er skuld i krisa? Er det konservative religiøse, lettkrenkte ungdomar eller servile og feige journalistar? Aftenposten-kommentator Frank Rossavik har nyleg gjeve ut boka Best å holde kjeft? der han slår alarm for ytringsfridomens kår i Noreg. Han møter Sven Egil Omdal, kommentator i Stavanger Aftenblad, og Astrid Dalehaug Norheim, nyhenderedaktør i Dagen. Kva – om nokon – grenser bør eigentleg ytringsfridomen ha? Møteleiar er Jon Tufto, debattjournalist i Bergens Tidende. Redaksjonsmøtet er ein debattserie av Bergen Journalistlag på Litteraturhuset i Bergen. Dette møtet er arrangert saman med Norsk PEN avdeling Vestlandet.