Littpod

Lånte fjær: Frå kompilasjon til inspirasjon?

Informações:

Synopsis

Med Erlend O. Nødtvedt, Jørgen M. Sejersted og Frode Helmich Pedersen. Kompilasjon var ein utbreidd og anerkjent arbeidsmåte for forfattarar til langt inn på 1700-tallet. Frå antikken til opplysningstida var det med andre ord akseptabelt å klippe og lime frå andre forfattarskap. I dag er historia ei anna: Med vår tids opphavsrett, originalitetskrav og syn på forfattarrolla er aksepten borte – sjølv om kompilasjonspraksisen framleis lurer i kulissane. Poeten Erlend O. Nødtvedt er kjent for sin kreative og vellykka dialog med, og bruk av eldre litteratur – til dømes i diktverk som Bergens Beskrivelse (2011). Kva syn har han sjølve på denne praksisen? Er det kompilasjon, eller kanskje noko heilt anna? I samtale med litteraturforskar Jørgen M. Sejersted og kritikar Frode Helmich Pedersen utforskar og diskuterer Nødtvedt grensa mellom originale lån og formastelege tekstlege tjuveri gjennom tidene.