Littpod

Redaksjonsmøtet: Skikkeleg bra klimajournalistikk

Informações:

Synopsis

Debatt med Bergen Journalistlag. Klima er no den aller viktigaste saka for norske veljarar, og det blir ofte høg temperatur når journalistane skriv om dette temaet. På årets siste utgåve av Redaksjonsmøtet spør vi: Kva er den skikkeleg gode klimajournalistikken? Er klima eit saksfelt for lokalmedia, eller er dette berre riksmedia sitt felt? Korleis skriv vi engasjert om klima utan å bli aktivistar? Og korleis får vi folk til å lese? I panelet møter du: Bent Skjærstad, TV 2 Atle Andersson, Bergens Tidende Astrid Rommetveit, NRK Ordstyrar: Bergit Sønstebø Svendseid, NRK Redaksjonsmøtet er Bergen Journalistlags faste møteserie om små og store spørsmål for alle som bryr seg om media. Etiske dilemma, aktuelle saker og vilkåra for vestlandsjournalistikken blir drøfta for open scene. Følg med på facebook.com/bergenjournalistlag eller sjå på heimesidene til Litteraturhuset for siste nytt om kva møtet handlar om denne gongen. Alle møta er gratis og opne for alle.